Slik skal du som arbeidsgivar hindre smitte
Arbeidsgivar ved sjukehus og sjukeheim må sørge for at
- tilsette får opplæring og informasjon om MRSA
- smitta blir fjerna (sanering) dersom arbeidstakarar er berarar av MSRA
- arbeidstakarar som er berarar, får arbeidsforbod fram til dei er sanerte
Arbeidsgivaren har ansvar for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og skal sørge for at tilsette får medverke når verksemda utformar rutinar for å hindre smitte. Rutinane skal vere tilpassa forholda i verksemda.
Informasjon om MRSA-berarskap og behandling av MRSA-berarskap (sanering) (fhi.no)
For å hindre smitte til pasientar eller kollegaar må de gjere tiltak for å fjerne bakteriane (sanering). Desse saneringsprosessane er omfattande og i mange tilfelle langvarige. For mange kan det vere ei belastning for privatlivet ettersom krav om sanering av og til fører til at familiemedlemmar eller husdyr også må sanerast.
Det er ingen snarvegar til sanering. Derfor må saneringsprosessen takast på alvor. Målet for både arbeidstakar og arbeidsgivar må vere å gjere saneringsprosessen berre ein gong.
Det er viktig at arbeidsgivar legg til rette slik at saneringsprosessen heime blir enklast mogleg for den tilsette. Det ligg for eksempel god avlastning i å tilby eingongstannbørstar, sengesett (for eksempel brukte, men reine sett som uansett skal kastast) og anna utstyr som kan kastast etter kvar bruk. Etabler gjerne fullstendige saneringssett. De kan også kjøpe saneringssett.
Sengklede:
- 7 dynetrekk, laminerte
- 7 putetrekk, laminerte
- 7 sengelaken, laminerte
Handklede og vaskeklutar:
- 7 store handklede
- 7 små handklede
- 14 vaskeklutar
Anna utstyr:
- 1 boks overflatedesinfiksjon
- 1 flaske handdesinfeksjon, for eksempel Antibac
- 1 tube hand- og hudkrem, for eksempel Dax
- 1 boks antibakteriell, for eksempel Stellisept
- 1 rull avfallsposar
- 14 tannbørstar, utan tannkrem
Sørg for at tilsette med mogleg MRSA-smitte tek alle obligatoriske prøver før dei arbeider med pasientar eller brukarar på sjukehus eller sjukeheim.